Prosjektet vil krevje løyve etter vassressurslova, energilova, industrikonsesjonslova og oreigningslova. Andre lover som kan vere aktuelle er plan- og bygningslova, forureiningslova og kulturminnelova. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamar utbyggingssaka. Prosjektet er no starten av Fase 2, Sunnfjord Energi har fått konsesjon og jobbar med samarbeidspartnarar og entreprenørar for utbygginga.

Prosjektfase 1 – Søknad og planlegging

Melding

Med grunnlag i moglegheitsstudiar og avklaringar med myndigheiter frå tidlig 2000-tal, leverte Sunnfjord Energi AS i 2012 inn ei melding for kraftutbygging i Jølstra mellom Tongahølen og Reinene.

Hausten 2012 blei det gjennomført høyring og ope møte med NVE om prosjektet. Etter høyringsfristen var gått ut fastsette NVE eit konsekvensutgreiingsprogram.

Utgreiing

I denne fasen blei konsekvensane utgreidd i samsvar med det fastsette programmet, og dei tekniske og økonomiske planane utvikla vidare med utgangspunkt i meldinga, fråsegner og informasjon som kjem fram gjennom utgreiingane. Fasen vart avslutta med innsending av konsesjonssøknad med tilhøyrande konsekvensutgreiing til NVE.

Søknad

Høyring

NVE har på bakgrunn av den innsende søknaden sendt saka på høyring til dei same forvaltingsorgan og interesseorganisasjonar som i meldingsfasen, og i tillegg til alle som kom med uttale til meldinga.

Ope møte

NVE arrangerte i 2014 eit ope folkemøte der prosjektet blei presentert.

Deretter handsama NVE prosjektet før det blei arrangert sluttsynfaring. Etter høyringsrunda skreiv NVE tilråding i saka, og sende denne til OED til slutthandsaming (lenke til innstillinga finner du under dokument).

Slutthandsaming OED

Olje og Energidepartementet slutthandsamar saka. Dei arrangerte sluttbefaring og presenterte NVEs innstilling hausten 2016. Endelig avgjerd vart tatt av Kongen i statsråd sommaren 2017.

Ifølgje vassdragsreguleringslova kan grunneigarar, rettshavarar, kommunar og andre interesserte krevje utgifter til juridisk bistand og sakkyndig hjelp dekt av tiltakshavar, i den utstrekning det er rimeleg. Ved usemje om kva som er rimeleg kan dei leggje saka fram for NVE. Vi anbefaler at privatpersonar og organisasjonar med samanfallande interesser samordnar sine krav, og at kravet vert avklara med tiltakshavar på førehand.

Prosjektfase 2 – Bygging

Sunnfjord Energi tok til på utbygginga av Jølstra Kraftverk i juli 2018. Anleggsarbeidet starta opp på Moskog med bygging av riggområder. 14. september gjekk første salva på adkomstunellen. Etter ca. eit halvt år var vi framme med kraftstasjonen og ein starta å sprenge ut denne. Ein starta betongarbeidet sommaren 2019. Våren 2020 vil alle tunellane vere ferdig utsprengt og frå sommaren 2020 vil ein starte montasje av teknisk utstyr i stasjonen. Sommaren 2020 vil ein også jobbe med anlegg dagen på inntak og utløp. Kraftverket er planlagt ferdig utprøvd og klar for drift våren 2021.

Prosjektfase 3 – I drift