Differensiert høg minstevassføring

I samla plan var det av omsyn til blant anna storauren sett ei minstevassføring på 7,5 m³/s. Etter nøye undersøkingar har myndigheitene konstatert at problematikken knytt til storauren i Jølstravatnet er relatert til den øvste delen av vassdraget. Dette prosjektet er tilpassa med inntak under den kritiske delen av elva. Likevel vel vi å søke om tillating med ei stor minstevassføring som tilsvarar det same volumet (7,5 m³/s) differensiert over året. Ved å sleppe meir vatn om sommaren held ein ved lag ei elv med tilnærma like stort vassdekt areal og med framleis bra liv i stryka.

Omløp

For å sikre at utfall av kraftverket ikkje skal få konsekvensar nedstraums for verken Jølstra Kraftverk eller Brulandsfossen Kraftverk, vil det nye kraftverket bli utrusta med eit omløp med ein kapasitet på 80 % av slukeevna til kraftverket. Modellar viser at denne kapasiteten sikrar at verken strekninga ned til Movatnet eller elva nedstraums Brulandsfossen blir påverka med omsyn til fiskeyngel.

Bru over Jølstra

For å knyte saman turstien langs Jølstra frå golfbana til inntaket med gangvegen langs E39 ønskjer vi å bygge ei bru over inntaket til kraftverket. I samarbeid med kommune og vegvesen kan vi realisere ei fin turrunde på Vassenden med alternativ på 3,5 km om Jølstraholmen og ca 8 km via Vassenden.