Nettstad-logo

REIN ENERGI FOR FRAMTIDA

Sunnfjord Energi AS fekk i 2017 konsesjon til å bygge og drive eit kraftverk i øvre del av Jølstra. Prosjektet er ei utviding av Stakaldefossen Kraftverk som i dag utnyttar 40 m i Stakaldefossen. Det nye kraftverket vil nytte eit fall på 131 m mellom Tongahølen i Jølster kommune til Reinene i Førde kommune. Totalt vil kraftverket produsere 252 GWh og med fråtrekk av den reduserte produksjonen i Stakaldefossen Kraftverk vil det produsere 220 GWh ny fornybar energi!

Saman med SFE Produksjon AS etablerte Sunnfjord Energi AS utbyggingsselskapet Jølstra Kraft DA og starta utbygginga av kraftverket i 2018. Kraftverket er planlagt sett i drift våren 2021.

Under om prosjektet kan du lese om tekniske planar, konsekvensar og effektar av tiltaket og dokument som konsesjonssøknad og KU-rapportar. I kartet kan du sjå det planlagte kraftverket i eit navigerbart kart. Her kan ein og sjå bilder og illustrasjonar på ulike stadar i elva. Klikk på kamera-symbola for å få opp desse.

Meld deg på vår interessentliste!

Siste nyheiter

SMS-varsling sprenging

Det er oppretta SMS-varsling for sprenging som foregår ved Tongahølen. • Send SMS: TONGAHØLEN til 1963 for å melde seg på. • Både små og...

Informasjon om støy og vibrasjon under utbygging av Jølstra kraftverk

I samband med utbygging av Jølstra kraftverk vil naboar til anlegget kunne oppleve vibrasjoner frå tunneldriving, samt støy frå anleggsdrifta som skjer i dagen. Vibrasjonar...

Tidslinje

Tidsline for prosjektet
Vis forklaringSkjul forklaring