Kvifor bygge Jølstra Kraftverk

Stortinget har vedteke som mål å auke bruken av fornybare energikjelder i Norge. Skånsame vasskraftutbyggingar, særskilt i allereie utbygde og regulerte vassdrag, skal føretrekkast. Det er ein gunstig måte å utnytte fornybare energikjelder på.

Mellom Tongahølen og Movatnet er det eit betydeleg kraftpotensiale som i dag ikkje er utnytta. Av eit samla fall på 131 m blir berre delar av vatnet og ca. 40 m fall i dag nytta i Stakaldefossen Kraftverk. Ved vidare utbygging i Jølstra vil Stakaldefossen utan endring framleis kunne produsere i flaumperiodar.

Ei vidare utbygging i denne delen av Jølstra vil ikkje medføre bygging av nye luftlinjer. Kraftstasjonen vil bli knytt opp til eksisterande linjer og til Moskog transformatorstasjon med jordkabel. Ved utbygging i Jølstra skal det leggast vekt på ein god miljøprofil.

Tiltakshavar

Jølstra Kraft DA er tiltakshavar for prosjektet. Utbyggingsselskapet er eigd av Sunnfjord Energi AS og SFE Produksjon AS. I hundre år har Sunnfjord Energi som lokalt eigd energiselskap produsert fornybar energi i Jølstra.

Som ein del av myndigheitene sin fornybarstrategi ønskjer vi å nytte våre ressursar i Stakaldefossen på ein moderne og miljøvenleg måte. Vi har derfor i mange år jobba med moglegheitene for å utvide kraftverket og ta i bruk unytta fall i både Førde og Jølster kommune.

Framdrift

Sunnfjord Energi fekk gjennomført dei første studiane om prosjektet i -92 og -03. I 2009 blei det sendt ut førehandsmelding om prosjektet, denne blei oppdatert i 2012 før vi sendte konsesjonssøknad i 2013. Konsesjonsmyndigheitene arrangerte folkemøter og høyringar om prosjektet. I 2017 fekk Sunnfjord Energi AS konsesjon til utbygging av Jølstra Kraftverk ved kgl. res.

Saman med SFE Produksjon AS etablerte Sunnfjord Energi AS utbyggingsselskapet Jølstra Kraft DA og starta utbygginga sommaren 2018. Kraftverket vil ha ei byggetid på 2,5 år.

Rådgjevarar

Norconsult er rådgjevar for miljø, konsekvensutgreiingar og konsesjonssøknad.
Multiconsult er rådgjevar for teknisk prosjektering.
Xform har teikna portalbygg på Moskog.

 

Logo MC NC