Under følgjer ei oppsummering av konsekvensane fagutgreiarane har skrive etter å gjennomført konsekvensutgreiing av prosjektet. For fullstendige vurderingar og konklusjonar viser vi til fagrapportar som du finn under dokument.

Erosjon og sedimenttransport

Under anleggsfasen vil graving i elveløpa ved inntak og utløp medføre noko oppvirvling av massar og sedimenttransport. I driftsfasen vil vidare erosjon verte forhindra med plastring av elvebotn og elveskråningar i utsette område. Utløpet ved Reinene vil verte vinkla slik at vatnet føl dagens straumretning. Tiltaket vil ikkje medføre auka skredrisiko i området.

Hydrogeologi

I anleggsfasen vil det vere undertrykk i røyrgata og grunnvatn vil leke inn og senke grunnvasstanden over tunellen. Dette er ikkje vurdert til å medføre setningsskadar på busetnad eller øydelegge verdifull natur, men nokre få fjellbrønnar kan bli påverka.

Landskap

Kraftverket er planlagt slik at det vil vere svært få synlege spor i landskapet. Kraftverket og inntakskonstruksjon ligg i fjell, kraftleidningar vert kabla i jord og inntak og utløp ligg tilbaketrekt og dykka. Dei store mengdene med sprengstein vert skjulte anten under jordbruksland eller næringsbygg.

For landskap dreiar derfor dei negative konsekvensane seg om endring i vassføring. Det er planlagt slepp av minstevassføring, men elva vil vår og sommar stå fram som betydeleg temma, mindre livlig og med mindre variasjon i vassføring. Dette har ei klar negativ betydning for landskapsopplevinga.

Naturmiljø

I anleggsperioden vil støy forstyrre dyre- og fuglelivet ved inntaket og ved Moskog. Massedeponiet ved Moskog vil dekke eit lite våtmarksområde som har betydning som beite- og hekkeområde for fugl, men som allereie er regulert til næringsområde. Ved inntaket vil endra straummønster i Tongahølen gjere at området ikkje frys til og fugl kan beite her om vinteren. Demninga vil truleg avskjere nokre bekkar som renn inn i ein fin gråor-heggeskog ved Kvamsfossen. Vidare nedover langs elva vil vegetasjonen i liten grad bli påverka.

Fisk og ferskvatnsorganismar

Jølstra er ei velkjend elv for sportsfiskarar og er gyteelv for den verdifulle storaurebestanden i Jølstravatnet. Storauren gyter på heile strekninga frå Vassenden til Tongahølen med dei viktigaste områda ned til Langhaugane. Terskelen ved Tongahølen vil medføre ei heving av vasstanden på 0,5 meter, og dette vil endre straumhastigheit i Tongahølen med moglege negative konsekvensar for gytemoglegheitene i akkurat dette området. Tiltaket vert ikkje vurdert til å ha nokon effekt på storaurestammen i Jølstravatnet, men for elveauren på regulert strekning vil redusert vassføring gje eit avgrensa tap av beite- og oppvekstområde.

Kulturminne og kulturmiljø

Tiltaket vil ikkje komme i direkte konflikt med kjende kulturminne. Fleire stader langs elva ligg det kulturminne frå nyare tid med funksjonell tilknyting til Jølstra, men reduksjonen i vassføring vert ikkje vurdert til å endre opplevingsverdien av desse vesentleg.

Forureining

Ein må forvente avrenning av nitrogenhaldige forbindelsar frå massetippane den første tida etter at desse er etablerte. Finstoff og sprengstoffrestar vil også verte skylt ut av tunellen når denne blir tatt i bruk. Dette vert likevel ikkje vurdert til å påverke kvaliteten på vatnet i Jølstra i særleg grad. Redusert vassføring på regulert strekning gjer at eventuelle utslepp av tarmbakteriar på denne strekninga blir mindre fortynna. I anleggsfasen vil støy i anleggsområdet ved Moskog vere sjenerande for busetnaden her.

Friluftsliv

Reduksjon i vassføring på våren og sommaren vil gjere Jølstra klart mindre eigna for rafting og elvepadling. Føreslått minstevassføring er for låg til at elva kan raftast på ein forsvarleg måte. Utbygginga sin effekt på fiskebestandane er noko usikker, men ein må anta at den kan ha ein negativ konsekvens for sportsfiske og opplevinga av dette. Konsekvensane vert vurderte til å vere avgrensa for friluftsliv elles i området.

Naturressursar

Hevinga av vasstanden i Tongahølen vil sette eit lite område med fulldyrka mark under vatn. Anna jordbruksareal vil verte sikra med flomvollar. Ved Moskog vil tippmassar verte brukte til forbetring av vassjuke bøar dersom ikkje næringsarealet vert realisert. Tiltaket vil medføre ubetydelege tap av skog. Dersom tippmassar brukast til å sette i stand massetak ved inntaket, vil dette forhindre vidare uttak her.

Nærings- og samfunnsinteresser

Bygginga av kraftverket vil gje store moglegheiter for lokal sysselsetting og næringsliv. Mange bedrifter i Indre Sunnfjord leverer tenester som er relevante for arbeidet som skal utførast. Anleggsperioden vil vare i 2,5 år og det er anslått at utbygginga vil generere ca. 125 årsverk lokalt. Utbygginga av Jølstra kraftverk vil medføre betydelege inntekter til Jølster kommune, knytt til skatt og avgifter. For Førde kommune vil inntektene bli avgrensa då det meste av anlegget og fallet ligg i Jølster.

Reiseliv

Anleggsfasen vil kunne gje moglegheiter for lokalt reiseliv, då tilreisande som deltar i utbygginga vil ha behov for kost og losji. På minussida vil ikkje Jølstra lenger vere eigna for kommersiell rafting, og kraftutbygginga vil i verste fall medføre at andre reiselivsbedrifter i området mistar gjester som i dag reiser dit for å rafte og padle. Det er usikkert kor vidt dei negative verknadane for fisk og fritidsfiske på den utbygde strekninga vil kunne ha økonomiske følgjer for reiselivsbedriftene som i stor grad lever av dette. Utbygginga vert ikkje vurdert som positiv for marknadsføringa av Jølstra.