Val av tekniske løysingar og design av Jølstra Kraftverk bygger på analysar utført i konsekvensutgreiingane og erfaringar med bygging og drift av vasskraftanlegg i Jølstra.
Inntak i Tongahølen
I inntaket er det lagt stor vekt på utforming som best mogleg tek vare på ulike interesser. Inntaket er derfor modellert, og design av terskel og inntak er utforma etter dette. Terskelen vil få ein svak boge slik at vasstraumen blir mest mogleg laminer inn mot det dykka inntaket.
Det estetiske har vore viktig ved utforming av inntaket, då området er nytta til tur, fiske og andre aktivitetar. Derfor har vi trekt varegrind og grindereinskar inn i ein fjellhall. Over inntaket blir det bygd ei bru plastra med stein. Sjølve inntaket blir dykka tre meter for å hindre at fisk vandrar inn i tunellen. Det einaste som blir synleg er sjølve terskelen.
Kraftstasjon
Kraftstasjonen blir plassert i fjell ved Moskog. I kraftstasjonen er det planlagt eit omløp med kapasitet til å sikre fisk og andre interesser ved utfall av aggregat.
I dagen vil berre portalbygget bli synleg. Dette er teikna av arkitekt Xform og er inspirert av rennande vatn og naturens usymmetri. Portalbygget skal utformast i naturen sine eigne materialar.
Tipp av tunellmassar
Det vil bli etablert to tippar i samband med Jølstra Kraftverk. Den største og primære tippen vil bli på Moskog. Her har Sunnfjord Energi AS inngått avtale med Førde og Jølster kommunar for bruk av massane til opparbeiding av Moskog Industriområde. Alternativt kan massane nyttast til opparbeiding av jordbruksareal. Totalt vil det vere ca. 450.000 m3 massar ved Moskog.
Den andre tippen er tenkt ved det gamle grustaket ved Kvammen. Her ønskjer Sunnfjord Energi AS å plassere overskotsmassar for deretter å arrondere tilbake området slik det var før grustaket blei opna. Alternativt kan massane deponerast midlertidig for næringsformål.
Utløp ved Reinene
Utløpet er planlagt dykka og vinkla slik at utløpsvatnet frå kraftverket møter parallelt med vassføringa i elva.
Hovuddata
Hovedkomponent | Spesifikasjon | |
Turbiner | Ytelse | 20 MW og 40 MW |
Generatorer, 2 stk | Ytelse Generatorspenning | 23 MVA og 46 MVA 6,6 – 13,2 kV |
Generatorbrytere, 2 stk | ||
Hovedtransformatorer, 2 stk | Ytelse Spenningsomsetning | 23 MVA og 46 MVA Gen. spenning/ 132kV |
Kabler til transformatorstasjon, 2 sett | Traselengde | 705 m |
Nye bryterfelt Moskog transformatorstasjon, 2 stk | Spenning | 132 kV |
Stasjonstransformator, 1 stk | Ytelse Spenningsomsetning | 100 kVA 22/ 0,6 kV |
Kostnadar
Kostnadsbærer | MNOK pr. 1/1-13 |
Rigg og drift | 60 |
Dam og inntak | 10 |
Vannvei | 190 |
Veier | 1 |
Kraftstasjon | 81,5 |
Elektromekaniske arbeider | 215 |
Kraftlinjer | 8,0 |
Tiltak og erstatninger | – |
Uforutsett | 55 |
Entreprisekostnader | 620,5 |
Planlegging og administrasjon | 37 |
Finansieringskostnader | 47 |
Total prosjektkostnad | 704,5 |
Produksjon
Tilsig (Mm3) | 951 |
Minstevannføring (Mm3) | 236 |
Forbislipp (Mm3) | 0 |
Flomtap (Mm3) | 52 |
Produksjonsvann (Mm3) | 663 |
Vannmengde til produksjon (%) | 70 % |
Produksjon, vinter (GWh) | 89 |
Produksjon, sommer (GWh) | 120 |
Produksjon, Stakaldefossen kraftverk (GWh) | Før: 60 Etter: 27 |
Netto ny produksjon, årlig (GWh) 1.) | 176 |
Produksjon (GWh) | 209 |
1.) Netto ny produksjon er produksjon i det nye kraftverket fråtrekt den reduserte produksjonen i Stakaldefossen. Produksjon Jølstra Kraftverk – (Stakaldefossen før utbygging 60 GWh – etter utbygging), Ny energi = 209 – (60-27) = 176 GWh.
Eksisterande forhold i vassdraget
Sidan 1914, er det gjort fleire utbyggingar og reguleringar i Jølstravassdraget. Brulandsfoss vart bygd i 1914, Stakaldefoss i 1954, Mo i 2000 og Kjøsnesfjorden i 2010. I tillegg er det bygd fleire småkraftverk i tilførselselvane til hovudvassdraget.
I samband med utbygging av Stakaldefossen Kraftverk vart Jølstravatnet regulert. Trollevatnet vart regulert i samband med utbygginga i Kjøsnesfjorden.
Forholdet til andre offentlege planar
Samla Plan opna for vidare kraftutbygging i delar av Jølstravassdraget. På den aktuelle elvestrekninga vart utbygging i Kvamsfossen og utviding av Stakaldefossen plassert i kategori I. Seinare har ein fått fritak frå Samla Plan for strekninga mellom Tongahølen og Movatnet. I Samla Plan var det planlagt ei minstevassføring i Kvamsfossen på 7,5 m3/s.
I verneplan for vassdrag er nabovassdraga Gaular, Nausta, Gjengedal, Flekke, Storelva (Laukelandsfossen) og Osenvassdraget varig verna, samla om lag 2 TWh. For Sunnfjord Energi AS er det viktig å ta ressursen i Jølstra i bruk. Vi er ikkje kjende med andre verneplanar som kan komme i berøring med utbyggingsområdet.