Kvifor bygge Jølstra Kraftverk

Stortinget har vedteke som mål å auke bruken av fornybare energikjelder i Norge. Skånsame vasskraftutbyggingar, særskilt i allereie utbygde og regulerte vassdrag, skal føretrekkast. Det er ein gunstig måte å utnytte fornybare energikjelder på.

Mellom Tongahølen og Movatnet er det eit betydeleg kraftpotensiale som i dag ikkje er utnytta. Av eit samla fall på 131 m blir berre delar av vatnet og ca. 40 m fall i dag nytta i Stakaldefossen Kraftverk. Ved vidare utbygging i Jølstra vil Stakaldefossen utan endring framleis kunne produsere i flaumperiodar.

Ei vidare utbygging i denne delen av Jølstra vil ikkje medføre bygging av nye luftlinjer. Kraftstasjonen vil bli knytt opp til eksisterande linjer og til Moskog transformatorstasjon med jordkabel. Ved utbygging i Jølstra skal det leggast vekt på ein god miljøprofil.

Tiltakshavar

Sunnfjord Energi AS er tiltakshavar for prosjektet. I hundre år har vi som lokalt eigd energiselskap produsert fornybar energi i Jølstra.

Som ein del av myndigheitene sin fornybarstrategi ønskjer Sunnfjord Energi AS å nytte våre ressursar i Stakaldefossen på ein moderne og miljøvenleg måte. Vi har derfor i mange år jobba med moglegheitene for å utvide kraftverket og ta i bruk unytta fall i både Førde og Jølster kommune.

Sunnfjord Energi AS disponerer 46,9 % av fallrettane i prosjektet. Vi har inngått avtale med private fallrettshavarar i Førde kommune i tillegg til våre eigne fallrettar. Private fallrettshavarar i Jølster kommune eig 52,2%, desse har inngått avtale med Fjellkraft. I tillegg eig Sogn og Fjordane fylke om lag 1 %.

Sunnfjord Energi AS er eigd av vertskommunane Jølster og Førde, samt Gaular, Fjaler, Hyllestad, Solund, Naustdal og BKK.

Erverv av grunn og fallrettar

Sunnfjord Energi AS søker om førehandstiltreding og tillating til å ekspropriere areal og fallrettar som vi ikkje disponerer. Om vi får konsesjon vil vi likevel søke å komme til einigheit med rettigheitshavarane ved minneleg avtale.

Ved inntaket har Sunnfjord Energi AS behov for areal knytt til terskel, påhogg, plastring og sikring. Til dette treng ein om lag 70 mål. I tillegg vil vi klausulere ein rett til å deponere overskotsmassar i det gamle grustaket og arrondere dette tilbake til opphaveleg stand.

Område for deponering av overskotsmassar på Moskog er innanfor reguleringsplanane til Førde og Jølster kommunar, som Sunnfjord Energi AS har inngått avtale med. Til veg og portalbygg treng ein å erverve ca. 3 mål. For framføring av kablar o.l. er det avklart med Statnett at desse kan førast over deira eigedom knytt til Moskog Transformatorstasjon.

Sunnfjord Energi AS har inngått samarbeidsavtale med dei private grunneigarane i Førde kommune, der utløpet kjem. Her vil det vere snakk om rundt 6 mål, det meste i sjølve elva.

Framdrift

Jølstra Kraftverk er berre økonomisk gjennomførbart om det blir realisert før utgangen av 2020 og får el-sertifikat. Kraftverket vil ha ei byggetid på 2,5 år.

Rådgjevarar

Norconsult er rådgjevar for konsekvensutgreiingar og konsesjonssøknad.
Multiconsult er rådgjevar for teknisk prosjektering.
Xform har teikna portalbygg på Moskog.

 

Logo MC NC