I samband med utbygging av Jølstra kraftverk vil naboar til anlegget kunne oppleve vibrasjoner frå tunneldriving, samt støy frå anleggsdrifta som skjer i dagen.

Vibrasjonar
Ved sprengning vil ein kunne føle at huset ristar. Dei fleste vil kunne oppleve dette som dramatisk, men vibrasjonane er i røynda mikroskopiske, og faren for at det skal oppstå skadar eller farlige situasjonar er minimal. Årsaka til at vi reagerer så kraftig er at menneske er svært vare for vibrasjoner, og ein merker vibrasjonane fra sprengning på lang avstand. I tillegg kan sprengningsarbeid være ei ny og uvant oppleving for mange. Det er difor ein naturlig reaksjon å føle at huset vibrerer kraftig sjølv om vibrasjonane er langt mindre enn det som er huset si tålegrense.
Ved sprengning skjer ein detonasjon som forårsakar eit kraftig smell, og detonasjonen av sprengstoff utviklar store mengder gass som sender trykkbølge gjennom lufta. Trykkbølga kan få vindu og lette konstruksjonar til å vibrere. Belastninga er imidlertid i dei fleste tilfelle mindre enn ved kraftig vind, og skjer berre for naboar som bur i nærleiken av tunnelopningar.

Støy
Støy frå bygg- og anleggsarbeid vil komme frå sprengning for tunneldriving, anleggsmaskiner, anleggstrafikk og tipping av massar. Områda Tongahølen (ved gamle sandtaket i Kvammen), tipp og riggområdet på Moskog og utløpsområdet på Reinene er områder der det vil bli utført arbeid i dagen.
Støy frå midlertidige bygg- og anleggarbeid er regulert av Klima og miljødepartementet sin rettleiar «Retningslinje i behandling av støy i arealplanlegging».

Sprengningskontroll
For å hindre skader på grunn av vibrasjonar er det utarbeida grenseverdiar for kor store vibrasjonar som kan tillatast på den enkelte bygning. Dette er regulert i Norsk Standard, og entreprenøren som utfører sprengningsarbeid skal utføre dette slik at ein held seg innafor disse grenseverdiane.