Sunnfjord Energi arbeider med førespurnadar for utbygging av Jølstra Kraftverk. Prosjektet har som mål å bidra til lokal verdiskaping også i utbyggingsfasen, og vi oppmodar difor lokale verksemder til å melde seg som underleverandørar til prosjektet. Vi ventar at tenester for opp mot 100 mill. blir utført av lokale verksemder.

Liste over lokale verksemder som har meldt seg vil bli gjort tilgjengeleg for prekvalifiserte entreprenørar og leverandørar for prosjektets entreprisar. Utsending av anbodsdokument er venta i løpet av vår/forsommar 2017.

Eksempel på lokale verksemder som er aktuelle (lista er ikkje uttømmande):

  • Maskinentreprenørar
  • Elektroinstallatørar
  • Rørleggarar
  • Ventilasjonsarbeid
  • Mekanisk arbeid
  • Overnattings og forpleiingstenester
  • Andre servicetenester

Ved evaluering av tilbod vil bruk av lokale verksemder bli tillagt vekt.

Ved spørsmål kontakt prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme, telefon 959 89 033, epost kjell.johnny.kvamme@sunnfjordenergi.no

 

Registrer deg her!