Prosjektet vil krevje løyve etter vassressurslova, energilova, industrikonsesjonslova og oreigningslova. Andre lover som kan vere aktuelle er plan- og bygningslova, forureiningslova og kulturminnelova. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamar utbyggingssaka. Prosjektet er no i siste del av Fase 1, søknaden med konsekvensutgreiingar er sendt NVE for konsesjonshandsaming.

Prosjektfase 1 – Søknad og planlegging

Melding

Med grunnlag i moglegheitsstudiar og avklaringar med myndigheiter frå tidlig 2000-tal, leverte Sunnfjord Energi AS i 2012 inn ei melding for kraftutbygging i Jølstra mellom Tongahølen og Reinene.

Hausten 2012 blei det gjennomført høyring og ope møte med NVE om prosjektet. Etter høyringsfristen var gått ut fastsette NVE eit konsekvensutgreiingsprogram.

Utgreiing

I denne fasen blei konsekvensane utgreidd i samsvar med det fastsette programmet, og dei tekniske og økonomiske planane utvikla vidare med utgangspunkt i meldinga, fråsegner og informasjon som kjem fram gjennom utgreiingane. Fasen vart avslutta med innsending av konsesjonssøknad med tilhøyrande konsekvensutgreiing til NVE.

Søknad

Høyring

NVE vil på bakgrunn av den innsende søknaden sende saka på høyring til dei same forvaltingsorgan og interesseorganisasjonar som i meldingsfasen, og i tillegg til alle som kom med uttale til meldinga.

Ope møte

NVE vil arrangere eit ope folkemøte der prosjektet blir presentert.

Deretter vil NVE sakshandsame prosjektet før det vert sluttsynfaring. Etter høyringsrunda vil NVE utarbeide tilråding i saka, og sende denne til OED til slutthandsaming. Endelig avgjerd vert tatt av Kongen i statsråd. Store eller særleg konfliktfylte saker kan verte lagt fram for Stortinget.

I ein eventuell konsesjon kan OED sette vilkår for drift av kraftverket og gje pålegg om tiltak for å unngå eller redusere skadar og ulemper.

Ifølgje vassdragsreguleringslova kan grunneigarar, rettshavarar, kommunar og andre interesserte krevje utgifter til juridisk bistand og sakkyndig hjelp dekt av tiltakshavar, i den utstrekning det er rimeleg. Ved usemje om kva som er rimeleg kan dei leggje saka fram for NVE. Vi anbefaler at privatpersonar og organisasjonar med samanfallande interesser samordnar sine krav, og at kravet vert avklara med tiltakshavar på førehand.

Send høyringsuttale til NVE (Link til skjema)

Prosjektfase 2 – Bygging

Vi vil legge ut meir informasjon om byggefasen når vi nærmar oss og er komt godt i gong med detaljplanlegging.

Prosjektfase 3 – I drift