Fisk, natur, friluft og landskap

Det er mykje snakk om storauren i Jølstravatnet. Korleis vil den bli påverka av utbygginga?
Den vil ikkje bli påverka, det er ein premiss i prosjektet. Derfor har vi brukt mykje ressursar på å  modellere vassdraget. Fagutgreiarane har funne at slik vi har designa konstruksjonar og plassering av desse vil det ikkje bli endringar i Flugelona.

Korleis vil Jølstra vere som raftingelv etter utbygginga?
Dessverre vil det ikkje vere tilstrekkeleg antal dagar med høg nok vassføring i elva til at ein kan fortsette kommersiell rafting. Vi har forsøkt å møte minstekravet som raftingmiljøet har sett, men det er ikkje mogleg å i tillegg ha eit økonomisk gjennomførbart prosjekt.

Det vil likevel vere nokre dagar i løpet av sesongen at det er nok vatn til at ein kan rafte i elva. Vi trur lokale interesserte kan bruke elva i desse tidene. Sunnfjord Energi vil vere behjelpeleg med å kommunisere vassføring i elva.

Kva blir konsekvensane for landskap?
Jølstra har store naturlege variasjonar gjennom året. I søknaden har vi føreslått ei minstevassføring som avspeglar dette med relativ høg minstevassføring om sommaren. Dokumentasjonen vi har samla viser at det vassdekte arealet blir lite endra ved ulike vassføringar, men den reduserte vassføringa vil gi effekt av ei mindre «vill» elv.

Kor mykje vatn er det planlagt å sleppe som minstevassføring og kor mykje vatn vil kraftverket sluke?
Sunnfjord Energi har føreslått og omsøkt ei minstevassføring på 12 m³s om sommaren og 4 m³s om vinteren. Det er planlagt  eit kraftverk med to turbinar på 20 MW og 40 MW. Med desse turbinane kan ein produsere energi f.o.m. 3,5 m³s t.o.m. 55 m³s. Når ein treng 3,5 m³s i den minste turbinen må det vere minst 15,5 m³s om sommaren og 7,5 m³s om vinteren (min slukeevne + minstevassføring) i elva for starte. I tillegg er det periodar med meir vatn enn kva ein klarer å sluke i kraftverket og minstevassføringa. Derfor vil det i lengre periodar i løpet av året vere meir vatn i elva på den berørte strekka enn den pålagde (omsøkte) minstevassføringa.

Produksjon og verdiskaping

Kor mykje energi vil Jølstra Kraftverk produsere og kva er forskjellen på «Ny» og «Gammal»-produksjon?
Kraftverket vil produsere 209 GWh i året.  Det er nok energi til å dekke forbruket til 10.450 husstandar (20.000 kWh). På grunn av at vi leier vatn forbi Stakaldefossen Kraftverk som har produsert elektrisk kraft sidan 1950-tallet vil dette kraftverket produsere mindre enn i dag. Restproduksjonen i dette kraftverket som i dag produserer om lag 60 GWh i året er berekna til 33 GWh,  altså mister ein 27 GWh i Stakaldefossen Kraftverk. Om ein trekk desse 27 GWh frå produksjonen i det nye kraftverket får ein 176 GWh. Det er den nye energien som følgjer av utbygginga. Det er denne energien som er elsertifikat-berettiga.

Kor stor vil verdiskapinga lokalt vere i utbyggingsfasen?
Våre erfaringar frå utbygginga av Kjøsnesfjorden Kraftverk er at om lag 20% av verdien av kontraktane vil hamne på lokale verksemder. Det er entreprenørar, leverandørar, overnattingsstader, bevertning osv.

Kva er fordelen med at det lokaleigde energiselskapet Sunnfjord Energi får konsesjon?
I eit energiprosjekt av denne storleiken går om lag 40% av verdiskapinga til dei som finansierer prosjektet (bank), 35% til staten gjennom skattar og avgifter og 5% til vertskommunar. Dei resterande 20% kan fordelast mellom utbyggar og fallrettshavarar. Som eigarar av Sunnfjord Energi AS vil kommunane i tillegg få sin del av dette utbyttet.

Fallrettar

Kva vil skje med dei private fallrettane og grunneigedomar?
Sunnfjord Energi disponerer i dag om lag 47% av fallrettane i prosjektet. Dersom vi får konsesjon til å bygge Jølstra Kraftverk vil vi også få løyve til å ekspropriere (overta) nødvendige fallrettar og grunn frå dei som eig dei i dag. Vi vil først og fremst forsøke å bli einige om erstatning på ein minneleg måte. Om det ikkje lukkast vil verdien bli fastsett av ein skjønsrett.

Anna

Korleis kan eg gi innspel til planlegginga og søknaden til prosjektet?
Om du har spørsmål eller kommentarar til prosjektet er du velkomen til å kontakte oss, du finn kontaktinformasjon i menyen øvst på sida.

Dersom du ønskjer å sende inn kommentarar som NVE og endeleg OED skal ta med i sakshandsaminga er enklaste måte å nytte skjemaet på NVE sine sider (Link til skjema) Alternativt kan du kontakte sakshandsamaren. Du finn kontaktinformasjon til NVE under ved å klikke på Kontakt i toppmenyen.

Kor tid er kraftverket ferdig?
Kraftverket er planlagt å vere i drift innan 2020. Det er nødvendig for å få elsertifikat som dette prosjektet er avhengig av.

Det er konkurranse mellom fleire prosjekt på den aktuelle strekka. Korleis vil det påverke dykkar prosjekt?
Sunnfjord Energi har utgreia moglegheitene for mange ulike prosjektalternativ frå ein starta å arbeide med planane tidlig på 2000-talet. Avklaringar i forhold til Samla Plan og spesielt interessene knytt til storauren i Jølstravatnet viste at det blei vanskeleg å foreine desse interessene med ei utbygging heilt frå Vassenden (prosjektet i Samla plan har inntak i Jølstravatnet, noko som ville medført redusert vassføring heilt frå Vassenden).

Vidare har vi sett på mindre alternativ med mindre utbyggingar, men det er vår klare meining at det prosjektet vi har søkt om er det alternativet som gir best samfunnsøkonomisk effekt.

Det er no konkurranse mellom to reelt ulike prosjekt, vårt prosjekt frå Tongahølen til Reinene og eit anna som går frå Tongahølen til inntaksdammen til Stakaldefossen. Det vil bli konsesjonsmyndigheitene si oppgåve å vurdere kva prosjekt som gir mest samfunnsøkonomisk nytte i forhold til konsekvensar for miljø og andre interesser.

Kvifor er prosjektet blitt dyrare enn det var i meldinga?
Sunnfjord Energi AS utgreia moglegheitene for ulike prosjektalternativ allereie i 2003-4. Det blei den gong nytta NVE sin erfaringsdatabase for utbyggingskostnad. Prosjektet blei jobba vidare med og kostnadane vart regulert iht. indeks. I ei melding (første fase av konsesjonsprosessen) er kostnadane grove overslag, då hensikta med meldinga er å finne kva som skal konsekvensutgreiast. I arbeidet med konsesjonssøknaden har vi arbeidd i detalj med ulike fagområder på bygg, anlegg og utstyr og gjennomført grundige kostnadskalkylar. Kostnadskalkyle er gjennomført og kvalitetssikra av to uavhengige miljø og er basert på erfaringar og tilbod frå andre konkrete prosjekt (pågåande i 2013). Utbyggingskostnaden er i 2013 kr, 704,5 mill. NOK som gir ein utbyggingspris på 3,37 kr/kWh for samla produksjon og 4,00 kr/kWh for ny energi («Ny»/»gammal» energi, sjå spørsmål lenger oppe).