Nettstad-logo

REIN ENERGI FOR FRAMTIDA

Sunnfjord Energi AS har søkt om konsesjon for å bygge og drive eit kraftverk i øvre del av Jølstra. Prosjektet er ei utviding av Stakaldefossen Kraftverk som i dag utnyttar 40 m i Stakaldefossen. Det nye kraftverket vil nytte eit fall på 131 m mellom Tongahølen i Jølster kommune til Reinene i Førde kommune. Totalt vil kraftverket produsere 209 GWh og med fråtrekk av den reduserte produksjonen i Stakaldefossen Kraftverk vil det produsere 176 GWh ny fornybar energi!

Under om prosjektet kan du lese om tekniske planar, konsekvensar og effektar av tiltaket og dokument som konsesjonssøknad og KU-rapportar. I kartet kan du sjå det planlagte kraftverket i eit navigerbart kart. Her kan ein og sjå bilder og illustrasjonar på ulike stadar i elva. Klikk på kamera-symbola for å få opp desse.

Meld deg på vår interessentliste!

Sunnfjord Energi oppmodar lokale entreprenørar, leverandørar og tenesteytarar til å registrere seg som «lokal leverandør». Lista med leverandørar vil bli gjort tilgjengelig for prekvalifiserte leverandørar til prosjektets entrepriser / kontraktar. Meld dykk på lista her!

Siste nyheiter

Nyheitsbilde

Sunnfjord Energi har fått konsesjon på bygging av Jølstra kraftverk

Sunnfjord Energi har i dag, onsdag 21. juni 2017, fått konsesjon av Kongen i statsråd for bygging av Jølstra kraftverk i Førde og Jølster. Konsesjonen...
Nyheitsbilde

Lokale tilbydarar

Sunnfjord Energi arbeider med førespurnadar for utbygging av Jølstra Kraftverk. Prosjektet har som mål å bidra til lokal verdiskaping også i utbyggingsfasen, og vi oppmodar difor...

Tidslinje

Tidsline for prosjektet
Vis forklaringSkjul forklaring